Hopp til innhold
Frå tidleg moderne tid er halvmånen blitt brukt som eit symbol på islam, av og til saman med ei stjerne. Kredit: ikon av freepik.com, flaticon.com CC BY 3.0.
Frå tidleg moderne tid er halvmånen blitt brukt som eit symbol på islam, av og til saman med ei stjerne. Kredit: ikon av freepik.com, flaticon.com CC BY 3.0.
X
Innhald

Islam

Islam er den yngste av dei tre store monoteistiske religionane, ved sida av jødedomen og kristendomen, og berre kristendomen har fleire truande. Den sentrale kjelda til islam er Koranen, som etter muslimsk tru er Guds ord openberra til profeten hans, Muhammad. Kjernen i islamsk praksis er bøn. Viktige ritual er òg ei årleg faste og pilegrimsferda til Mekka.

Historie

Religionen islam oppstod gjennom preikinga til profeten Muhammad ibn Abd Allah (ca. 570–632 e.Kr.) i Mekka på den arabiske halvøya. Islam blei raskt knytt til politiske forhold, ved at Muhammad først blei utvist frå Mekka i 622, for så å kome tilbake frå nabobyen Medina og erobre heimbyen åtte år seinare. Slik blei han ein politisk leiar for dei arabiske stammane på halvøya. Etter han var død, blei denne muslimske staten bygd ut og fekk på litt over eit hundreår styring med eit enormt område, frå Marokko i vest til India i aust. I om lag tre hundreår var det eit samla kalifat under éin muslimsk leiar. Seinare delte kalifatet seg i mange mindre land og statar, som likevel hadde felles språk, religion, lov, kultur og i stor grad økonomi, ei samla «islamsk verd» på tvers av statsgrensene. Etter kvart breidde religionen seg på fredeleg vis òg til større delar av Afrika og austover i Asia.

Etter at profeten var død, blei den politiske og teologiske makta skilde, og islam har aldri hatt nokon samlande «pave». Kalifen og seinare sultanar skulle forsvare trua, men var ikkje religiøse autoritetar. Trua blei tolka av sjølvstendige lærde (ulama), ut frå eit prinsipp om konsensus: Den autoritative forståinga var den dei lærde kollektivt var samde om. Etter ei formingstid på tre til fire hundre år førte dette til at teologien blei liggjande ganske fast, fram til reformidear tok til å vekse fram på 1800- og 1900-talet, ikkje minst påverka av utfordringar frå Europa. I dag er islam inne i ei brytingstid, mellom tilbakeskodande retningar og dei som vil opne religionen meir opp for det moderne samfunnet.

Utbreiing og retningar

Det er i dag rundt ein og ein halv milliard truande muslimar, spreidde over heile verda, men mest i Midtausten, Nord- og Vest-Afrika og Asia. Dei største muslimske landa er Indonesia (ca. 200 millionar), Pakistan, India og Bangladesh (150–180 millionar kvar). I dag finn vi muslimar, som majoritet eller minoritet, i nesten alle land i verda, også i Europa (særleg på Balkan, med store grupper i Bosnia, Albania og Kosovo) og i Kina (rundt 20 millionar). Berre ein sjettedel av muslimane, vel 275 millionar, er arabisktalande, men den heilage teksten til muslimane, Koranen, blei openberra til profeten på arabisk, og dette språket har derfor ein særleg status i islamsk tenking.

Rundt 85 prosent av muslimane i verda høyrer til fleirtalsretninga sunniislam. Den største minoriteten er sjiaislam (opp mot 15 prosent). Sjiaislam dominerer i Iran, Aserbajdsjan og Bahrain, har støtte av eit fleirtal i Irak og blant muslimane i Libanon og har store mindretal i naboland som Afghanistan, Pakistan og India. Sjiaislam skil seg teologisk frå sunniislam først og fremst ved synet på imamane, etterkomarane etter Muhammad, som har fått ein eigen inspirasjon frå Gud. Fleirtalet innanfor sjiaislam reknar likevel med at den siste av desse gudeinspirerte imamane «gjekk i skjul» frå denne verda i 874 e.Kr. og skal kome tilbake først ved dommedag. I teologi, lovverk osv. er forskjellen mellom sunnittar og sjiittar ganske liten, sjiaislamske standpunkt plasserer seg ofte mellom dei ulike (t.d. «liberale» og «strenge») sunniislamske oppfatningane. Viktigast er nokre forskjellar i bøneritualet og at sjiittane har ei enklare arvelov enn sunnittane. Sjiaislam er òg delt i ulike retningar, ein viktig variant er zaydismen, som dominerer politisk i Jemen.

Den tredje og klart minste hovudretninga i islam er ibadismen, som vi i dag i hovudsak finn i Oman, der dei er i fleirtal. Mindre greiner som drusarar, alawittar og andre oppstod i mellomalderen, dei fleste ut frå sjiaislamske utgrupper. Dei held gjerne til i geografisk avgrensa område, mellom anna i Syria, Irak og Tyrkia, og fleire av dei har fått eit vel så etnisk som religiøst preg.

Trass i dei ulike retningane har islam hatt få reine religionskrigar før i heilt moderne tid. Til dømes feirar alle hajj-ritualet saman i Mekka, uavhengig av religiøs variant, noko som har styrkt ein tendens til intern toleranse, «berre Gud kjenner det rette svaret».

Tusenvis av muslimar på pilegrimsreise (hajj) til Mekka i 2008, her ved Kaba, den viktigaste, islamske heilagdomen i Mekka. Foto: Al Jazeera English, Flickr.com CC BY-SA 2.0.


Tusenvis av muslimar på pilegrimsreise (hajj) til Mekka i 2008, her ved Kaba, den viktigaste, islamske heilagdomen i Mekka. Foto: Al Jazeera English, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Truslære og etikk

Islam er som jødedomen og kristendomen ein monoteistisk religion, det vil seie at det berre finst éin gud. Etter islamsk tru er islam ei vidareføring av den same guddomlege bodskapen som Gud gav til jødane og dei kristne. Muslimar bruker derfor det same namnet, Gud (på arabisk Allah), som dei kristne. Då bodskapen på ny blei gitt til Muhammad, var det første gong teksten blei diktert (av engelen Gabriel) som ein fast tekst, Koranen, der Gud snakkar i første person. Derfor meiner muslimar at Koranen er Guds direkte ordlyd, medan tidlegare openberringar berre var indirekte attgivingar gjennom menneske.

Muslimar erkjenner altså Jesus som ein Guds profet, men avviser at han døydde på krossen og stod opp att. Mot den kristne treeininga set dei Guds einskap (tawhid) som kanskje det mest sentrale dogmet i islam, og tawhid blir ofte brukt synonymt med «tru» eller «teologi». Islam avviser òg antropomorfe gudsoppfatningar (at Gud kan ha menneskeform) og understrekar Guds absolutte allmakt som skapar, det er ikkje snakk om nokon «kontrakt» eller eit byteforhold mellom Gud og menneska. «Islam» kan slik omsetjast med «dei truande si erkjenning av og underkasting under skaparens allmakt». Men Gud har likevel, slik dei fleste teologar oppfattar det, sine føremål, maqasid, med skaparverket: rettferd og sosial velferd (maslaha). Det er likevel teologisk usemje om i kva grad desse føremåla kan erkjennast logisk gjennom tolking av openberrringsteksten eller berre ved å følgje Guds bodord bokstavleg ut frå hans uutgrunnelege visdom.

Islam har ikkje noko organisert kyrkjesystem. Alle gudshus (moskear) er i prinsippet sjølvstendige og lokalt drivne, der ein bøneleiar (imam, må ikkje forvekslast med den sjiaislamske imamen) blir utnemnd og løna gjennom private donasjonar. Det er ikkje noko formelt hierarki (tilsvarande prostar og biskopar), kyrkjemøte eller liknande i sunniislam. Sjiaislam hadde heller ikkje det opphavleg, men frå 1700-talet oppstod eit slikt hierarki av «rettleiarar», med mulla på det lågaste trinnet og (stor-)ayatollah på det høgaste. Desse «rettleiarane» er òg uformelt utpeikte, og det kan vere fleire stor-ayatollaher i live samstundes. I moderne tid har òg nokre nasjonalstatar (særleg Tyrkia) teke sterkare grep om moskeane, og mange av dei er i dag statseigde.

I islam har dei monoteistiske religionane som oppstod før Muhammad (jødedom og kristendom, men zoroastrisme er òg ofte inkludert) ein eigen status. Dei er vantru, men likevel «verna», sidan dei tok imot Guds openberring. Andre religionar, også slike som oppstod etter at islam blei openberra, blir ikkje godtekne. I førmoderne tid førte det til at jødar og kristne kunne leve i den muslimske staten, men måtte godta ein andrerangs status under muslimane. Andre «heidningar» blei ikkje tolererte, og det var ikkje lov å konvertere frå islam til ein annan religion, eller for ei muslimsk kvinne å gifte seg med ein ikkje-muslimsk mann. Det siste gjeld framleis i dei fleste muslimske land i dag.

Grande Mosquée de Paris. Foto: Pixelicus, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Grande Mosquée de Paris. Foto: Pixelicus, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sentrale skrifter og symbol

Det er to hovudkjelder til islamsk tru og praksis. På den eine sida har vi Koranen, som muslimar ser på som Guds ord i direkte tale til Muhammad, og som dermed er eit guddomleg mirakel i seg sjølv. På den andre sida har vi sunnaen, som er forteljingar (i form av hadith, enkelttradisjonar), om Muhammad og følgjessveinane hans sine utsegner og handlingar. Begge er uttrykk for Guds openberring. Det er semje mellom muslimane om at Koranen er uendra sidan han blei samla kort etter at Muhammad var død, medan det er større usemje mellom dei lærde om dei enkelte hadith-ane er «sanne» (historiske) eller «falske», det vil seie oppkonstruerte etter profeten var død. Muslimar rangerer derfor hadith-ane etter sanningsverdi, frå heilt historisk sanne, over «truverdige», men ikkje sikre, til «svake», som ein ikkje kan tilleggje normativ vekt. Sunnaen er samlinga av dei tradisjonane som blir rekna som mest sanne, men utover ei samlande gruppe som alle lærde aksepterer, kan det vere stor usemje om kva for profettradisjonar ein kan leggje til grunn for truspraksisen.

Koranen er altså det sentrale elementet i islam. Den «evige Koranen» ligg hos Gud, medan den jordiske boka blir kalla eit «eksemplar» (mashaf), og må behandlast med ærefrykt. Ein må til dømes vere rituelt rein for å ta i boka, og ei utsliten utgåve av Koranen kan ikkje kastast eller brennast, men må gravleggjast rituelt. Det var òg lenge motstand mot å omsetje Koranen. I dag blir dette akseptert som ei didaktisk «attgiving», men berre den arabiske Koranen har den rituelle statusen som Guds ord.

(Artikkelen held fram etter biletet)

Illustrasjon av koranen. Foto: Juanedc, Flickr.com CC BY 2.0.

Illustrasjon av koranen. Foto: Juanedc, Flickr.com CC BY 2.0.

Personar

Sidan Guds bodskap fekk si endelege form i Koranen, er òg Muhammad den aller siste profeten. Det var mange profetar før Muhammad, men det var berre fem eller seks «sendebod» (rusul) som fekk heile Guds bodskap, til dei er rekna Abraham, Noah, Moses og Jesus (arabisk: Ibrahim, Nuh, Musa, Isa, men denne rekkja kan òg omfatte Aron, David, den sær-islamske al-Khidr og andre).

Ulikt Jesus, som mellom anna kunne vekkje dei døde, hadde Muhammad sjølv ingen overnaturlege eigenskapar, Koranen er hans «profet-bevis». Han spelar likevel ei sentral rolle i teologien og som føredøme for from livsførsel. Gud har verna han mot synd, og han er, i mange sine auge, det «perfekte mennesket». Fleirtalsretninga i islam (sunniislam) set likevel ei klart skilje mellom «skaparen» og «det skapte». Menneska står alle teologisk likt i forhold til Gud, ingen har nokon forrang. (For sjiittane har etterkomarane etter profeten, imamane, likevel ein spesiell plass, sjå ovanfor.)

Ritual

Islamsk truspraksis tek form både av personleg from livsførsel og av konkrete rituelle handlingar. Dei mest sentrale her er bøn fem gonger om dagen (med fellesbøn i ein moské kvar fredag), faste ein månad i året (ramadan), og pilegrimsreise (hajj) til Mekka ein gong i livet for dei som har midlar til det. I tillegg til truvedkjenninga og ein almisseskatt (som kan samlast inn statleg eller privat) utgjer dette dei fem «søylene» i islamsk tru og er ei tilbeding den truande gjer fordi Gud har bede om det, utan noka vidare rasjonell forklaring.

Illustrasjon som vsier dei fem søylene i islamsk tru. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY.

Illustrasjon som viser dei fem søylene i islamsk tru. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel/Allkunne CC BY.

I tillegg har Gud innstifta eit vidare sett med reglar for «god praksis» mellom menneska, for å fremje rettferd og velferd. Til saman utgjer desse reglane for ritual og mellommenneskelege forhold sharia. Sharia blir ofte omsett med «islamsk lov», men omgrepet omfattar altså òg handlingar utover det juridiske. Sharia-en låg i førmoderne tid til grunn for lovverket i dei muslimske statane. Desse reglane understrekar òg at samfunnet av dei truande, umma, står sentralt i islamsk trusliv.

Vidt utbreidd er òg folkeleg religionsutøving utanfor moskeane i dei mange sufi-brorskapa, som kan vere internasjonale og ha mange millionar medlemer. Sufismen, ofte kalla «islamsk mystikk», søkjer ei personleg gudsoppleving gjennom bøn og eigne ritual, av og til i form av ekstase, oftast knytt til heilage menn og kvinner. Sufismen, som gjerne er lokalt forankra i landsbyar og bydelar, er omstridd i teologien. Mange ser han som overtru utan basis Koranen eller openberringa, medan andre teologar forsvarar sufismen, som har ein lang tradisjon i teologien, men òg i poesi og andre kunstformer.

Religionen i verda og Noreg i dag

Dei fleste statane med muslimsk folkefleirtal nemner religionen i konstitusjonen som «landets religion» eller liknande, unntaka er Tyrkia og Libanon. Mange stiller òg krav om at statsoverhovudet må vere muslim. Lovverket er i dei fleste landa sekularisert (unntaka er særleg Saudi-Arabia og landa rundt den arabiske Golfen), men dei landa der islamismen har fotfeste, har innført sharia-reglar i det allmenne lovverket eller gir det forrang (Iran, Sudan, nokre delstatar i Nigeria, i nokon grad Afghanistan, Pakistan og andre). I dei fleste andre muslimske landa er særleg familielovene baserte på islamske lovreglar i større eller mindre grad (minst i Tunisia), medan strafferett, økonomisk rett osv. i desse landa er sekulær og basert på europeiske mønster.

Frå tidleg på 1900-talet tok muslimar til å reise til Europa på jakt etter arbeid. I Noreg fekk vi ei muslimsk folkegruppe gjennom arbeidsinnvandrarar frå Pakistan frå tidleg i 1970-åra. Ein reknar i dag med at rundt tre prosent av innbyggjarane i Noreg har muslimsk bakgrunn. I tillegg til ein «første generasjon» som sjølv innvandra, har det òg vakse fram ein «andre generasjon» som er fødd i Noreg. I den første generasjonen har muslimsk identitet gjerne hatt ei nasjonal og kulturell forankring i heimlandet, medan det blant yngre norske muslimar har vore eit sterkare ønske om å utvikle ein felles muslimsk identitet på tvers av opphavsland, ein «norsk islam», som likevel òg er delt i ulike teologiske oppfatningar. I dei største muslimske folkegruppene i Oslo har truande frå dei største innvandringslanda (Pakistan, Tyrkia og fleire) kvar sine moskear, der språket i heimlandet blir mykje brukt, medan det i andre byar i større grad er felles moskear på tvers av opphavsland, der norsk blir eit viktigare arbeidsspråk. Det finst òg felles-muslimske student- og ungdomsorganisasjonar, i tillegg til organisasjonar som knyter seg til ulike nasjonale grupper.

Høgtider

Dei to største høgtidene i islam er knytte til to av «søylene»: «fastebrot-festen», id al-fitr, ved utgangen av fastemånaden ramadan, og «slaktefesten», id al-adha (òg kalla «den store festen», id al-kabir), som fell i pilegrimsmånaden dhu-l-hijja, og er til minne om Abraham sin vilje til å ofre son sin, Ismail, før Gud gav han ein sau å ofre i staden. Mange markerer òg fødselsdagen til profeten Muhammad, mawlid al-nabi, men dette er ikkje ein religiøs festdag og er omstridd, sidan Muhammad berre var eit menneske. Sufiane har sine eigne folkelege festdagar til minne om sine helgenar (òg kalla mawlid, eller hawliyya). For sjiittane er ashura ein viktig dag til minne om martyriet til Husayn, barnebarnet til profeten.

Moderne samfunnsliv

Gjennom 1900-talet gjekk den muslimske verda igjennom ein lang periode med sekularisering og modernisering, men frå 1970-åra oppstod det ein reaksjon frå rørsler som ville styrkje religionen sin plass i samfunnet, det vi kallar islamistar. Slike rørsler vann fram gjennom revolusjonen i Iran i 1979 og gjennom statskuppet i Sudan i 1989, medan fleire land på den arabiske halvøya heldt fast ved eit tradisjonelt, religiøst basert samfunnssystem. I andre land har islamistrørsler vore ein fast opposisjon mot dei styrande og har òg hatt innverknad i moralsk konservativ retning på utviklinga i mange land der dei ikkje har fått statsmakt.

Slik kan vi grovt sett snakke om fire ulike haldningar når det gjeld forholdet mellom religion og samfunn i den muslimske verda:

– Det store fleirtalet ser i hovudsak ut til å vere nøgde med at religiøse normer og etikk ligg generelt til grunn for samfunnet, slik det er i dag, og dei ønsker inga vidare tilstramming. Innanfor dette fleirtalet finn vi både tradisjonalistar, som vil bremse vidare endringar, og meir liberale, som opnar for større tilpassing til moderne verdiar.

– Islamistrørsler som ønskjer å endre samfunnet i konservativ retning, står òg sterkt i mange land. Dei legg ofte særleg vekt på familieliv og kjønnsroller. Dei meiner at det moderne samfunnet, der menn og kvinner skal stå likt, undergrev det moralske fundamentet som familien utgjer, og meiner at den viktigaste rolla til kvinnene er i heimen. Moderate islamistar støttar gjerne at kvinner tek del i samfunnsliv og utdanning, men rolla i familien må kome først. Islamistar legg òg vekt på sharia-en som rettesnor, utan dermed å vilje innføre dei mest brutale straffemetodane.

– Dei mest konservative islamistane blir kalla salafistar. Dei meiner at profeten Muhammads samfunn på 600-talet var sjølve idealsamfunnet, og at muslimar i dag må etterlikne dette samfunnet så langt som råd. Dei legg stor vekt på presis gjennomføring av ritual, på klesdrakt og på sharia, og dei praktiserer eit langt strengare skilje mellom kvinner og menn enn andre islamistar.

– Dei fleste salafistane arbeider fredeleg med «misjon» mellom muslimar og avviser politisk aktivitet. Men nokre av desse gruppene meiner at stat og politikk må kome først og legg vekt på jihad, islamsk revolusjon mot dei sitjande regima i Midtausten og dei landa i Vesten som støttar desse regima.

Slike motsetningar har ført til sterke spenningar i den muslimske verda og at utviklinga blir følgd nøye frå vestleg hald. Muslimar flest ser ut til å ha styrkt forholdet sitt til religionen og til praktisering av religiøse ritual dei siste tiåra, samtidig som det store fleirtalet avviser den valdelege og øydeleggjande praksisen til dei ekstremistiske rørslene.

Kjelder

Andrew Rippin: Muslims. Their religious beliefs and practices, 2nd edition. London 2001

Anne-Sofie Roald: Islam. Oslo 2004

Mark Sedgwick: Islam & Muslims. A Guide to Diverse Experience in a Modern World. Boston 2006

Knut S. Vikør: Ei verd bygd på islam. Oversikt over Midtaustens historie, 2. utg. Oslo 2004

Kari Vogt: Islam – tradisjon, fundamentalisme og reform. Oslo 2005

Kari Vogt: Islam på norsk. Moskeer og islamske organisasjoner i Norge. Oslo 2000

Først publisert: 28.09.2015
Sist oppdatert: 30.03.2017