Hopp til innhold
X
Innhald

Jihad

Jihad er arabisk og tyder innsats, strev. Ofte vert det omsett til "heilag krig", men jihad har fleire tydingar.
I islam vert ordet brukt om rettvis krig eller væpna forsvar mot motstandarane av islam. Jihad er eit juridisk omgrep, tilrettelagt i islamsk rettsvitskap med utgangspunkt i Koranen og knytt til læra om pliktene dei truande har.
Jihad vert òg brukt om den indre, moralske kampen ført av den einskilde truande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 05.05.2014