Hopp til innhold
X
Innhald

Kaba

Kaba er arabisk og kjem frå al-Kaaba som tyder terning, og er namnet på den viktigaste, islamske heilagdomen i Mekka.

Kaba er ein om lag 15 meter høg, terningforma bygning med den svarte steinen mura inn i den austre veggen. Kaba er dekt av eit svart teppe, der den islamske truvedkjenninga, shadada, er vevd inn.

 

Den svarte steinen i austveggen, vert rørt ved og kyssa av pilgrimmar, som skal gå sju gongar rundt Kaba. Kaba er målet for alle pilgrimar, og staden muslimar vender seg mot når dei ber.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 30.03.2017