Hopp til innhold
X
Innhald

Mahdi

Mahdi kjem frå arabisk og tyder eigentleg rettleidd, det vil seie av Allah. I islam vart mahdi opphavleg brukt som ærestittel, men frå 700-talet har det vore namnet på ein framtidig frelsarfigur som skal gjere ideala til islam verkelege og skape fred og rettferd i verda. Tittelen spelar særleg ei rolle for sjiittane, som har ein fullt utarbeidd doktrine om mahdien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 06.05.2014