Hopp til innhold
X
Innhald

Sjia-islam

Sjia-islam kjem frå det arabiske ordet shiat Ali, som tyder partiet til Ali, og vart til på 600-talet på grunn av striden om etterfølgjaren til profeten Muhammad. Sjia-muslimane påstår framleis at Ali og slekta hans vart valde ut av Profeten som leiarar, imamar, for heile fellesskapen.
Den viktigaste sjia-gruppa er Tolv-skulen, ithna ashariyya, som har vore statsreligionen i Iran frå 1501. Sju-skulen, ismaeliane, er delt i fleire samfunn. Sjia-muslimane utgjer 15 prosent av alle muslimar.
Sjia-moskeen Jame i Yazd, Iran. Foto: David Stanley CC BY 2.0
Sjia-moskeen Jame i Yazd, Iran. Foto: David Stanley CC BY 2.0

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014