Hopp til innhold
X
Innhald

Essenar

Essenar eller essear er namnet på ei jødisk sekt på Jesu tid, kjend frå Josefus, Filo og Plinius. Sektmedlemene var asketar og heldt seg strengt til boda om reinleik og sabbatsbod i Moselova, men ikkje til offerlovene. Samfunnet var demokratisk med eigedomsfellesskap, felles eting og tilgang for alle til å ta del når dommar vart kunngjorde. Sekta var likevel organisert i eit strengt hierarkisk system.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 05.05.2014