Hopp til innhold
X
Innhald

Hasidisme

Hasidisme kjem frå det hebraiske ordet hasid, som tyder from. Det er namnet på ei jødisk rørsle som oppstod i polsk Ukraina på 1700-talet under leiing av Israel Baal Schem Tov, 1700–60.
Hasidismen kom som ein reaksjon mot den rådande intellektualismen og omfatta meir enn halvparten av alle jødane i verda i første halvdelen av 1800-talet. I det 20. hundreåret har rørsla verka inspirerande for ei rekkje jødiske kunstnarar og filosofar, til dømes Martin Buber.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 05.05.2014