Hopp til innhold
X
Innhald

Sabbat

Sabbat kjem frå det hebraiske ordet schabbath, som tyder å halde opp med eller kvile. Det er namnet på den jødiske kviledagen kvar veke og kan førast attende til "den sjuande dagen" då Gud, etter det skapingsforteljinga i Bibelen seier, kvilte etter verket sitt (1 Mos 2, 2 f).
 
Sabbat er påbode som kviledag i Dei ti boda, og på denne dagen skal ingen arbeide. Sabbaten byrjar fredag kveld og sluttar tradisjonelt når tre stjerner viser seg på himmelen laurdag kveld.
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014