Hopp til innhold
X
Innhald

Talmud

Talmud kjem frå hebraisk og tyder studium, læring. Det er namnet på ei jødisk skriftsamling i ei rekkje bind som inneheld den munnlege utlegginga av Moselova og profetane, slik det kom i skriftleg form i det første hundreåret e.Kr.
Talmud er samansett av Misjna frå ca. 200 e.Kr. og Gemara, som er seinare kommentarar og tillegg frå om lag 200–500 e.Kr. Skriftsamlinga inneheld både juridiske tolkingar, halaka, og forteljingar, haggadah.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014