Hopp til innhold
Logoen til KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (tidlegare Stiftinga Kyrkjeforsking).
Logoen til KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking (tidlegare Stiftinga Kyrkjeforsking).
X
Innhald

KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking

KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking, er ei privat forskingsstifting oppretta i 1993 av Kyrkjerådet i Den norske kyrkja under namnet Stiftinga Kyrkjeforsking (KIFO). Stiftinga endra i 2014 namn til KIFO, Institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking.

KIFO forskar på kyrkje, religion og livssyn i samfunnet, og driv utgreiing, utviklingsarbeid og formidling i same fagområdet.

KIFO held til i Oslo med ein fast stab, og er i tillegg eit forskarnettverk med 10 organisasjonar som driv forsking innan KIFO sitt fagfelt.

I tillegg til det statlege driftstilskotet finansierast KIFO ved oppdragsverksemd og medlemskontingent frå samarbeidspartnarar innan kyrkjelege institusjonar, forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Peikarar

Nettstaden til KIFO

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.01.2014
Sist oppdatert: 03.11.2016