Hopp til innhold
X
Innhald

Kyrkjekampen

Kyrkjekampen eller Kyrkjefronten er ei vanleg nemning for kampen kyrkja gjekk til mot okkupasjonsmakta og nazi-styresmaktene i Noreg i åra 1940–45.

Kampen byrja med danninga av Kristent Samråd hausten 1940, men tok for alvor form gjennom hyrdebrevet frå biskopane i februar 1941. Då Arne Fjellbu vart fråteken den ordinære høgmessegudstenesta i Nidarosdomen 1. februar 1942 og seinare vart avsett, la biskopane ned embeta sine. Under påskegudstenesta 5. april vart Kirkens Grunn lese i dei fleste kyrkjene i landet, og i løpet av våren la 797 av 858 prestar ned embeta sine. Den 20. juni 1946 vart Den midlertidige Kirkeledelse oppretta, og Ole Hallesby fungerte som formann inntil han vart arrestert våren 1943. Resten av krigen gjekk Kyrkjekampen føre seg meir i det skjulte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012