Innhald
Teolog
Teolog, nemninga på ein person som har teke teologisk eksamen av høgare grad. I Noreg arbeider teologane stort sett som prestar i Den norske kyrkja.
Studia som fører fram til yrket, er tilbydde ved dei teologiske fakulteta i Oslo, Menighetsfakultetet i Oslo og Misjonshøgskolen i Stavanger.

Valborg Lerche frå Sem i Vestfold vart i 1899 første kvinnelege teolog. Ho dreiv mellom anna oppsøkande verksemd blant dei prostituerte i Kristiania. Ho oppretta også "pikehjem" og barneheim. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 3.0
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 01.09.2014