Hopp til innhold
X
Innhald

Elias

Elias var profet i Nord-Israel på 800-tallet før Kristus. Han var leiar for kampane dei Jahve-tru krinsane kjempa mot synkretisme og Baal-dyrking. Ifølgje 2 Kong 2 vart Elias teken opp til himmelen i ei eldvogn. I sinjødisk tid venta ein på heimkomsten til Elias. Desse førestellingane ligg til grunn for samankoplinga av Elias og Johannes døyparen i Det nye testamentet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.11.2012
Sist oppdatert: 28.11.2012