Hopp til innhold
X
Innhald

Henok

Henok eller Enok var etter 1 Mos 5,18 ff. son av Jared og far til Metusjalah. I jødisk tradisjon var han kulturbringar og vismann. Ei rekkje seinjødiske skrifter er lagde til han: dei såkalla Henoksbøkene. 1. Henoks bok som òg blir kalla Den etiopiske Henoks bok, er ei samling apokalyptiske tradisjonar som vart skrivne ned i det første eller andre hundreåret f.Kr. 2. Henoks bok som òg vert kalla Den slaviske Henoks bok, er omsett frå gresk og opphavleg skriven før år 70 e.Kr. 3. Henoks bok er skriven på hebraisk og stammar frå 200-talet e.Kr. Ho vart funnen i 1928.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012