Hopp til innhold
X
Innhald

Jesaja

Jesaja er ein av dei fire "store" profetane i Det gamle testamentet og verka ca. 742–700 før Kristus. Han kritiserte dei sosiale mishøva og avgudsdyrkinga og forkynte at Gud som straff vil la folket verte råka av ein katastrofe som berre er ein "rest" skulle sleppe frå. Delar av Jesajaboka, kapitla 40–66, stammar frå tida etter eksilet i Babylon 587–539 før Kristus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 14.12.2012