Hopp til innhold
X
Innhald

Samson

Samson var dommar i Israel, Dom 13–16. Filistarkvinna Dalila lokka han til å røpe at kjempestyrken hans kom av at han lét håret gro. Ho skar håret av han medan han sov, og han vart teken til fange og blinda. Samson tok ein frykteleg hemn då håret voks ut att.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012