Hopp til innhold
X
Innhald

Agape

Agape er gresk og namnet på den guddomlege kjærleiken i Det nye testamentet og i kristen litteratur. Ordet blir ofte brukt for å skilje det kristne kjærleiksomgrepet frå eros i platonismen. Agapar, "kjærleiksmåltid", er namn på fellesmåltid i dei første kristne kyrkjelydane. Seinare vart det namnet på måltid til trengande i kyrkjelyden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012