Hopp til innhold
X
Innhald

Filadelfia

Filadelfia er ein oldtidsby i Lydia, grunnlagd av kong Attalos 2. Filadelfos som døydde 138 før Kristus. Byen var sentrum for ein kristen kyrkjelyd som i Åp 3,7 vart rost for viljestyrken. Filadelfia har gitt namn til fleire kyrkjesamfunn, særleg pinsevenene som har Filadelfia-trussamfunnet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 20.12.2012