Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes døyparen

Johannes døyparen var profet og botspredikant som etter det Luk 1 seier, var ein slektning av Jesus. Sidan 300-talet har fødselsdagen hans vorte feira 24. juni, jonsok/sankthans.

Døyparen Johannes verka omkring år 28 i Juda-ørkenen. Han døypte òg Jesus, sjå Matt 3,13 f., og blir i Det nye testamentet rekna for å vere forløparen for Messias, jamfør Matt 11,18 f. Johannes vart fengsla og seinare avretta av Herodes Antipas. 

Sidan 300-talet har fødselsdagen hans vorte feira 24. juni, jonsok.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 20.06.2018