Hopp til innhold
X
Innhald

Johannesevangeliet

Johannesevangeliet er den fjerde evangelieskrifta i Det nye testamentet. I den kyrkjelege tradisjonen er det lagt til apostelen Johannes, men dette er neppe korrekt. Forfattaren må ha kjent den synoptiske tradisjonen, men fortel verken om likningane til Jesus eller om stiftinga av nattverden.
 
I staden for at Jesus forkynner at Guds rike er nær, held han ei rekkje lengre talar om seg sjølv og om Sonen, sendebodet frå Gud og verdsfrelsaren. Tolkinga av Jesus er svært omstridd, ikkje minst når det gjeld tilvisingane til "den disippelen som Jesus hadde kjær", Joh 13,23; 19,26; 20,2 f.; 21,7,20.
 
Johannesevangeliet vart truleg skrive på 90-talet, men framstillinga slik ho ligg føre no, kan godt vere resultat av ei komplisert redaksjonshistorie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012