Hopp til innhold
X
Innhald

Korintarbrevet

Korintarbreva er to brev i Det nye testamentet som er skrivne av Paulus til kyrkjelyden i Korint. Opplysningar i breva kan tyde på at Paulus har skrive minst fire brev til kyrkjelyden. Det andre og fjerde brevet er teke vare på. 1 Kor er skrive i Efesos i år 54 eller 55. 2 Kor er skrive i Makedonia i år 55 eller 56.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.08.2012
Sist oppdatert: 22.08.2012