Hopp til innhold
X
Innhald

Maran Ata

Maran Ata er eit arameisk bønerop i 1 Kor 16,22 som tyder "Vår Herre, kom!" eller "Herren vår er komen!" Maran Ata er namnet på songboka til den norske pinserørsla. Maran Ata-kyrkjelyden gjekk ut frå pinserørsla i 1959 og vart leidd av Aage Samuelsen til han danna sin eigen kyrkjelyd: Vekkeropet Maran Ata. Kyrkjelyden legg særleg vekt på ekstatiske fenomen som tungetale og læking av sjuke med bøn og handspålegging i møta.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.08.2012
Sist oppdatert: 24.08.2012