Hopp til innhold
Maria og barnet, her frå Annunciation Greek Orthodox Church i Wisconsin. Foto: Jason Clor, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
Maria og barnet, her frå Annunciation Greek Orthodox Church i Wisconsin. Foto: Jason Clor, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.
X
Innhald

Maria

Maria er namnet på fleire bibelske personar.

1. Maria, mor til Jesus, seinare kalla Jomfru Maria, vart svanger med Jesus ved Den Heilage Ande, Matt 1,18, Luk 1, 26 f, gift med tømmermannen Josef og var til stades ved korsfestinga, Joh 19,25. Matt 12,46 f seier at Maria og brørne til Jesus ikkje hadde noka forståing for Jesus medan han levde. Apg 1,14 fortel at dei slutta seg til den kristne kyrkjelyden først etter at Jesus hadde stått opp att.

Ei rik legendedanning om Maria tok for alvor til frå midten av 100-talet. Kyrkjemøtet 451 slo fast at ho var aei parthenos som er gresk og tyder "evig jomfru".

2. Maria var mor til Jakob den yngre og Josef, jamfør Mark 15,40. Ho følgde Jesus frå Galilea, var vitne til korsfestinga og gravferda og gjekk til grava påskemorgon, Mark 16.

3. Maria frå Bethania var syster til Marta og Lasarus, Joh 11,2; Luk 10,39.

4. Maria Magdalena, det vil seie Maria frå byen Magdalena, hadde etter Luk 8,2 vore styrd av sju vonde ånder. Seinare vart ho utan rimeleg grunn identifisert med syndarinna i Luk 7,37.

5. Maria, hustru til Klopas, syster av mor til Jesus, jamfør Joh 19,25, var til stades ved korsfestinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.12.2012
Sist oppdatert: 03.11.2016