Hopp til innhold
X
Innhald

Markusevangeliet

Markusevangeliet er det eldste evangelieskriftet i Det nye testamentet, truleg skrive rundt år 70. Evangeliet vert knytt til Markus, tolken til Peter, som skreiv ned det han kunne hugse at Peter hadde fortalt. Truleg er det snakk om Johannes Markus som er nemnd fleire gonger i Det nye testamentet: Apg 12,12; 15,36 f.; Kol 4,10. Om desse opplysningane stemmer, er tvilsamt. Forfattaren må difor reknast som ukjend. Markusevangeliet er ei forteljing som går utan avbrot, med hovudvekt på lidingshistoria til Jesus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.08.2012
Sist oppdatert: 24.08.2012