Hopp til innhold
X
Innhald

Matteusevangeliet

Matteusevangeliet er ei av evangelieskriftene i Det nye testamentet, truleg skrive mellom år 80 og 100. I den kyrkjelege tradisjonen er forfattaren identifisert som apostelen Matteus. Dette er neppe korrekt, og forfattaren må reknast som ukjend. Sentralt i skrifta står Bergpreika i kapittel 5­­–7, som mellom anna inneheld saligprisingane, antitesane, bodet om fiendekjærleik, Fader vår og den gylne regelen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.08.2012
Sist oppdatert: 24.08.2012