Hopp til innhold
X
Innhald

Romarbrevet

Romarbrevet er eit brev i Det nye testamentet frå Paulus til kyrkjelyden i Roma, truleg skrive i Korint våren 55 eller 56.
 
Paulus planlegg å vitje Roma, jamfør 15, 23–24, og mange har meint at den breie og til dels polemiske framstillinga av teologien og synet Paulus har på Israel i brevet, skal førebu kyrkjelyden på vitjinga. Men det kan òg vere at han ønskte å sikre seg støtte frå Roma i det føreståande møtet med leiande kyrkjemenn i Jerusalem, jamfør 15,25.
 
Romarbrevet er ei av hovudskriftene i kristendomen og spelte ei viktig rolle for mellom andre Augustin og Luther

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.08.2012
Sist oppdatert: 24.08.2012