Hopp til innhold
X
Innhald

Selot

Selot kjem frå det greske ordet zelos som tyder iver, nidkjær, og vert brukt om fanatikarar og fanatisk truande, ein som ivrar for trua. Apostelen Simon Kananeus vert i Luk 6,15 kalla Simon seloten. I tidlegare omsetjingar vart han kalla Simon ivraren. Selotar var elles namnet på ei jødisk sekt som frå tida kring Jesu fødsel agiterte og kjempa for å ta vare på jødisk tru og eigenart mot hellensk og romersk påverknad. Dei førte an i opprøret mot Roma i 66 etter Kristus og spelte ei dramatisk rolle i sluttkampane om Jerusalem og fallet til byen fire år seinare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2012
Sist oppdatert: 20.12.2012