Hopp til innhold
X
Innhald

Simon

Simon er namnet på fleire personar i Det nye testamentet. 1. Simon Peter, sjå Peter. 2. Ein av brørne til Jesus, Mark 6,3. 3. Ein av dei tolv apostlane som i Luk og Apg har tilnamnet Selot, ivraren. 4. Simon frå Kyrene som vart tvinga til å bere korset til Jesus, jamfør Mark 15,21. 5. Simon Mageren, ein trollmann frå Samaria, som ville kjøpe gåva til Den Heilage Ande av Peter. Derifrå kjem uttrykket simoni, kjøp og sal av andelege verdiar eller geistlege embete.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.12.2012
Sist oppdatert: 20.12.2012