Adolf M. St. Arctander
Adolf Maurits Stenbock Arctander var teolog, folkehøgskulestyrar og omsetjar av klassiske skrifter. I studietida vart han vekt av menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun, og for resten av livet var han overtydd målmann.
Adolf von Harnack
Alex Lange Johnson
Alfred Eriksen
Alv Askeland
Alv Martin Askeland, sokneprest og sentral aktør i Vestmannalaget gjennom mange tiår. Han forma den ideen som blei til Akademiet i Rauland.
Ambrosius
Anders Aschim
Anders Aschim er prest, professor, bibelomsetjar og faglitterær forfattar. Hovudverket hans til no er ein detaljert og velskriven biografi om professoren, politikaren og salmediktaren Elias Blix.
Anders Hovden
Anders Hovden
Anders Hovden, prest, diktar og folketalar. Kristendom og norskdom var sentrale omgrep for han, som heile livet levde etter mottoet «Ver aldri redd i ærleg strid!»
Anders Madsen Gil
Andreas Pedersen Seierstad
Andreas Pedersen Seierstad, teolog, bondestudent med haugiansk bakgrunn, målmann frå Vestfold, kyrkjehistorikar og folkeminnegranskar. Professor i kyrkjesoge ved Menighetsfakultetet.
Ansgar
Anton Christian Bang
Anton Christian Bang
Anton Christian Bang, kyrkjehistorikar, biskop og politikar. Han var den første som omsette juleevangeliet til landsmål.
Arne Fjellbu
Arve Brunvoll
Arve Brunvoll
Arve Brunvoll er prest, professor og salmediktar. Han var med i redaksjonen for Norsk Salmebok (1985), og han har omsett fleire tekstar som har vorte svært populære.
Arvid Schou Kapelrud
August Hermann Francke
Augustin
Augustinus Flor
Augustinus Augustinussen Flor, prest og mellom dei første namngitte nordmenn som skreiv på bygdemål.
Basilios den store
Batseba
Benedikt 16.
Benedikt 16.
Benedikt 16., tysk katolsk teolog og pave emeritus, var pave frå april 2005 til han gjekk av frå embetet 28. februar 2013. Det har ikkje skjedd sidan 1294 at ein pave abdiserer.
Berge Furre
Berge Furre
Berge Furre, historikar, politikar og teolog. Som samfunnsengasjert, kristeleg sosialist var han med på både å skape og å skrive noregshistorie.
Bernt Støylen
Bernt Andreas Støylen var biskop. Han leidde arbeidet med Nynorsk Salmebok og var med på å kristne nynorsken.
Bernt Th. Anker
Bernt Th. Anker
Bernt Theodor Anker, norsk prest som tidleg på 1900-talet heldt gudstenester på nynorsk i over tusen kyrkjer.
Billy (William) Graham
Bjørn Bue
Bjørn Bue, misjonær og biskop med sterkt engasjement for menneskeverd og kyrkjevekst.
Bjørn Eidsvåg
Bjørn Eidsvåg er musikar, teolog, forfattar og komponist. Eidsvåg har vorte ein folkekjær artist ved å stille ærlege, folkelege og til dels vanskelege spørsmål, om tru, håp og tvil.
Brage Høyem
Brage Høyem var lærar og prest fleire stader i Noreg. Han var oppteken av utdanning og norskdomsarbeid, og han gjorde ein stor innsats for opprettinga av landsgymnaset i Orkdal.
Carl Fredrik Wisløff
Carl Olof Rosenius
Carl Paul Caspari
Cathinka Guldberg
Christen Jensøn
Christen Jensøn, prest og ordbokforfattar. Han fekk i 1646 trykt og utgitt Den Norske Dictionarium eller Glosebog i København. Dette var den første norske ordboka, og i over hundre år den einaste.
Claus Frimann
Claus Frimann
Claus Frimann, prest og diktar, skreiv populære folkelege dikt og viser med eit klart folkeopplysningspreg. Den folkekjære diktarpresten var òg ein dugande forretningsmann, med sterk økonomisk sans.
Clemens Alexandrinus
Dalila
Den heilage Antonius
Den heilage Birgitta
Den heilage Ignatius
Dionysios Aeropagita
Dom Hélder Câmara
Eigil Lehmann
Eigil Lehmann, prest, språkmann, høgnorskdyrkar og ordbokforfattar. Han gav ut ordbøker både for Det nye testamentet, for islandsk og for færøysk.
Einar Molland
Eirik Bruhjell
Eirik Bruhjell gjorde ei dannings- og klassereise frå husmannsson til prost. Før han gjekk inn i prestetenesta, var han folkehøgskulelærar og aktiv målmann.
Eivind Josef Berggrav
Elias Berge
Elias Jakob Berge, teolog og generalsekretær i Kirkens Nødhjelp. Berge var notbasen frå Sunnmøre som vart prest og ein viktig pioner i norsk nødhjelpsarbeid.
Elias Blix
Elias Blix
Elias Blix var professor og politikar, men framfor alt kjend som salmediktar og bibelomsetjar. Gjennom virket sitt står Blix som den fremste pioneren for nynorsk kyrkjespråk.
Ernst Troeltsch
Esra
Evy Risa Kvamsdal
Evy Risa Kvamsdal, teolog og prest. Ho var den første kvinnelege prosten i Møre bispedøme.
Eyvind Skeie
Eyvind Skeie
Frans av Assisi
Fredrik Wisløff
Fridtjov Søyland Birkeli
Friedrich Ernst Daniel Schleiermacher
Geir Jørgen Bekkevold
Geir Jørgen Bekkevold
Geir Jørgen Bekkevold er prest, men har vore stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Telemark sidan 2009.
George Whitefield
Gisle Christian Johnson
Gregor
Gunvor Lande
Gunvor Maria Traa Lande, prest.
Gustav Adolph Lammers
Habakkuk
Hadrian
Hallvard Heggtveit
Hallvard Gunleikson Heggtveit, lærar, klokkar og kyrkjehistorisk forfattar, var særleg oppteken av haugianismen si rolle i norsk kyrkjehistorie. Han var òg folkeminnesamlar.
Halvdan Freihow
Halvdan Wexelsen Freihow, prest og ungdomslagsleiar.
Hans Edvard Wisløff
Hans Johan Sagrusten
Hans Johan Sagrusten
Hans Johan Sagrusten er teolog, bibelomsetjar, forfattar og forlagssjef. Gjennom lyrikk så vel som i spennande historisk fagformidling har han nådd mange lesarar.
Hans Nielsen Hauge
Hans Nielsen Hauge
Hans Nielsen Hauge, vekkingsleiar og lekforkynnar, skapte den første norske religiøse vekkingsrørsla og blei med det ein av grunnleggjarane av den lekmannskristendomen som har prega kristne miljø i Noreg like til i dag.
Hans Paludan Smith Schreuder
Hans Poulsen Resen
Hans Ross
Hans Matthias Elisæus Ross var teolog, språklærar, folkeminnesamlar og ordboksredaktør. Han førte vidare og utvida Ivar Aasens samling av norske ord.
Helen Bjørnøy
Helen Bjørnøy
Helen Oddveig Bjørnøy, prest, tidlegare miljøvernminister, fylkesmann i Buskerud og generalsekretær i Kyrkjas Bymisjon og Plan Noreg. Frå 2019 sit ho i formannskapet i Lillestrøm for SV.
Helge Hognestad
Henrik Greve Hille
Hieronymus
Håkon Wergeland
Håkon Hansson Wergeland, prest, skulemann og forfattar, var ei årrekkje rektor ved lærarskulane i Notodden og Kristiansand og forfattar av oppbyggjelege bøker og lærebøker. Han gav òg ut fleire diktsamlingar.
Ignatius Loyola
Ingun Montgomery
Ingvar Bøhn
Peter Ingvar Bøhn, folkehøgskulemann, prest og diktar. Han gav ut den første songboka på landsmål.
Innocens
Ivar Hjellvik
Ivar Hjellvik var sokneprest og skulemann. Han tok initiativ til å opprette lærarutdanning på Nesna i 1918 og var den første rektoren ved Nesna lærarskule.
Ivar Mortensson-Egnund
Ivar Mortensson-Egnund
Ivar Julius Mortensson(-Egnund frå 1918), bondeson frå Alvdal som vart avismann, forfattar, anarkist, bibelomsetjar, prest og gardbrukar. Han var svært interessert i religionshistorie og mytologi, og tidleg på 1900-talet sette han dei norrøne Edda-kveda om til nynorsk.
Jacob Jervell
Jacob Rasch
Jacob Rasch, skulemann og språkmann. Han samla ord frå stavangerdialekten og omsette delar av Romarbrevet til jærdialekt.
Jan Hus
Jan Kjærstad
Jan Kjærstad
Jan Kjærstad, forfattar og teolog, har skrive kløktig konstruerte romanar og perspektivopnande essay gjennom fleire tiår. Trilogien om Jonas Wergeland er eit hovudverk i nyare norsk litteratur.
Jan Ove Ulstein
Jan Ove Ulstein
Jan Ove Ulstein, teolog, tidlegare dosent i systematisk teologi ved Høgskulen i Volda og forfattar av meir enn 20 bøker. Han er oppteken av forholdet mellom kyrkje og samfunn.
Jean Calvin
Jean Calvin
Jean Calvin, fransk teolog og reformator. Han var saman med den sveitsiske teologen Ulrich Zwingli grunnleggjaren av den reformerte kyrkja, ei av dei tre store kyrkjene som voks fram som eit resultat av reformasjonen på 1500-talet. Calvin blir rekna som ein av dei tre store reformatorane, ved sida av Martin Luther og Zwingli. Calvin levde og verka mange år i Genève i Sveits og var påverka av Luther og den tyske reformasjonen.
Johan Einar Unger
Johan Einar Unger, prest og bibelomsetjar. Han var kanskje den første ordinerte presten som preika på landsmål.
Johan Ernst Gunnerus
Johan Heuch
Johan Lyder Brun
Johan Martin Wisløff
Johannes A. Barstad
Johannes A. Barstad
Johannes Andreas Barstad var prest i Volda og på Voss. Han skreiv salmar, og han grunnla og redigerte i over førti år det kristelege målbladet Stille Stunder, som framleis kjem ut.
Johannes Belsheim
Johannes Belsheim
Johannes Engebretson Belsheim, husmannsgut og skomakarson frå Valdres som vart heidersmedlem av vitskapsselskapet i Praha. Midt i livet tok han avskil frå eit presteembete for å konsentrere seg om bibelgransking og anna forfattarverksemd.
Johannes Bugenhagen
Johannes Bugenhagen
Johannes Bugenhagen, 1485–1558, var tysk teolog og ein nær ven av Melanchton og Luther.
Johannes Ording
Johannes Paul
Johannes Skaar
Johannes Smemo
John Nome
John Raleigh Mott
John Wesley
John Willem Nicolaysen Gran
Josef Kaifas
Justin martyr
Kari Veiteberg
Kari Veiteberg
Kari Veiteberg, prest og biskop i Oslo bispedøme.
Karl Johan Hallaråker
Karl Johan Hallaråker
Karl Johan Hallaråker, prest, bibelskulelærar og særleg kristenleiar med sterke meiningar om det han trur på.
Karl Ludvig Reichelt
Katarina av Siena
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik, politikar. Tidlegare statsminister, mangeårig partileiar for KrF og leiar av Oslosenteret.
Knut Eik-Nes
Kristian Nordlid
Kristian Magnus Olsen Nordlid var folkehøgskulelærar, bladstyrar og prest. Han var mellom dei aller første som nytta nynorsk i kyrkja.
Kristian Vilhelm Koren Schjelderup
Kyrillos og Methodios
Kaare Støylen
Laila Riksaasen Dahl
Lars Nilsen Dahle
Lars Oftedal d.e.
Lars Oftedal d.e.
Leiv Aalen
Leonhard Næss
Leonhard Næss
Sigholt Didrik Leonhard Næss, nordlending og målmann, teolog og prest, forfattar og bibelomsetjar. Han omsette fleire profetbøker i den første fullstendige bibelutgåva på nynorsk, som kom i 1921.
Levi
Lewi Pethrus
Ludvig Hope
Ludvig Hope, lekpredikant. Han var ein av dei store folketalarane i første halvdel av 1900-talet.
Lukas
Magne Torbjørn Hjorthaug
Magne Torbjørn Hjorthaug var prest og prost fleire stader i Møre og Romsdal gjennom tre tiår.
Magnus Brostrup Landstad
Magnus Brostrup Landstad
Magnus Brostrup Landstad, diktarprest og folkevisesamlar som er særleg kjend for å ha gitt ut Norske folkeviser og Kyrkjesalmebok.
Martin Luther
Martin Luther
Martin Luther var ein tysk munk og professor i teologi. Han blei ein av dei sentrale aktørane i reformasjonen.
Matias Orheim
Matias Orheim
Matias Orheim var ein av dei store folketalarane og mest folkekjære song- og salmediktarane i lekmannsrørsla tidleg på 1900-talet.
Matthias Bonsach Krogh
Matthias Bonsach Krogh
Matthias Bonsach Krogh, folkeopplysar og nasjonsbyggjar. Han var kyrkja sitt overhovud for Nord-Noreg i eit kvart hundreår.
Maximilian Kolbe
Monrad Norderval
Mor Teresa
Mor Teresa
Mor Teresa, albansk nonne. Ho oppheldt seg hovudsakleg i India og arbeidde med fattige i slummen i Calcutta. I 1950 grunnla ho ein hjelpeorganisasjon registrert av Vatikanet som ein eigen orden som arbeider i store deler av verda.
Natanael
Nathan Söderblom
Nestorios
Nikolaus av Myra eller St. Nikolaus
Oddbjørn Leirvik
Oddbjørn Birger Leirvik er teolog og professor i interreligiøse studium. I skrift og tale har han framheva verdien av dialog mellom representantar for ulike religionar og livssyn.
Ola Nesse
Ola Gunnarson Nesse var emissær (lekmannsforkynnar) på Vestlandet gjennom det meste av livet. Han var av dei aller første som brukte norsk landsmål ved offentleg andakt og bøn.
Olav Anfinnson Refsdal
Olav Anfinnson Refsdal, norskamerikansk prest og målmann.
Olav Guttorm Myklebust
Olav Skjevesland
Ole Christian Kvarme
Ole Kristian Hallesby
Ole Sandvik
Ole Sandvik
Ole Mørk Sandvik var utdanna teolog og den første som tok doktorgrad på norsk folkemusikk. Han var folkemusikksamlar, pedagog og forfattar.
Ole Tobias Olsen
Ole Tobias Olsen, altmoglegprest, folkeminnesamlar og fotograf. Han var ein av dei første amatørfotografane i Noreg og «far til Nordlandsbanen».
Oluf Kolsrud
Oluf Kolsrud
Nils Oluf Kolsrud, ein sentral norsk kyrkjehistorikar i første delen av 1900-talet.
Origenes
Otto Emil Birkeli
Paul Leer-Salvesen
Paul Leer-Salvesen
Paul Tillich
Peder Sefland
Peder Mathias Reinhart Sefland, prest og teolog. Han gjorde presteteneste mellom anna på Svalbard og på Værøy i Lofoten.
Per Lønning
Per Lønning
Per Oskar Alfred Kjølaas
Peter Hognestad
Peter Hognestad
Peter Hognestad, bondeson frå Jæren, pioner for nynorsk kyrkjespråk og Noregs første «målbiskop». Som prest og ungdomsleiar ville han halde «norskdom og kristendom» saman.
Peter Olivarius Bugge
Philip Melanchton
Philip Melanchton, 1497–1560, var tysk reformator og humanist, Luthers nære ven og medarbeidar.
Philipp Jakob Spener
Quintus Septimus Florens Tertullianus
Ragnvald Hammer
Ragnvald Hammer
Ragnvald Hammer, prest, arbeidde det meste av sitt yrkesaktive liv som døveprest. Han er kjend for å ha skrive diktet «Dar kjem dampen».
Ragnvald Indrebø
Ragnvald Indrebø
Ragnvald Andreas Indrebø var bibelomsetjar og biskop. Den såkalla Indrebø-bibelen var einerådande nynorskbibel frå 1938 til 1978.
Reidar Bolling
Reidar Olav Bolling, prest og kyrkjehistorikar. Han skreiv fleire verk om lokalhistorie og lokal kyrkjehistorie og gav ut fleire biografiar.
Rosemarie Köhn
Rosemarie Köhn
Rosemarie Köhn, fødd 1939, er teolog. Ho vart den første kvinnelege rektor ved Det praktisk-teologiske seminaret ved Universitetet i Oslo og Noregs første kvinnelege biskop.
Rudolf Karl Bultmann
Sankt Georg
Sankt Hallvard
Sigmund Olaf Plytt Mowinckel
Sigurd Vilhelm Odland
Sigvart Engeset
Sivert Aklestad
Sivert Simonsson Aklestad frå Hjørundfjord var gardbrukar, emissær, klokkar og lokalhistorikar. Han skreiv mange dikt og songar med kristeleg innhald.
Solveig Fiske
Stefanus
Svein Aage Christoffersen
Teresa av Avila
Thomas a Kempis
Thomas av Aquino
Thomas av Aquino, Thomas Aquinas, 1225–74, var ein italiensk dominikanarmunk, kyrkjelærar og filosof som var den fremste teologen i mellomalderen.
Thomas Ball Barratt
Thomas Becket
Thomas Münzer
Thomas von Westen
Thomas von Westen, 1682–1727, var prest og misjonær.
Thorvald Klaveness
Timotheus
Torbjørn Bratt
Som opphavleg katolsk skulert teolog vart Torbjørn Bratt i 1546 den første lutherske biskopen i Trondheim. Han fekk gode skotsmål av Luther, men aldri tillit av danskekongen.
Trygve Bjerkrheim
Trygve Bjerkrheim
Trygve Alvgeir Bjerkrheim, teolog og forfattar, skreiv tusenvis av dikt og songar, mellom dei «Det er makt i de foldede hender» og «Han tek ikkje glansen av livet».
Ulrich Zwingli
Ulrich Zwingli
Ulrich (eller Huldrych) Zwingli, sveitsisk reformator og teolog. Han innførte reformasjonen i Zürich og blir saman med Jean Calvin rekna som grunnleggjar av den reformerte kyrkja, ei av dei tre store kyrkjene som voks fram som eit resultat av reformasjonen på 1500-talet. Zwingli blir rekna som ein av dei tre store reformatorane ved sida av Martin Luther og Calvin.
Wilhelm Andreas Wexelsen
Vilhelm Andreas Wexelsen var ein markert prest og venstrepolitikar, som dei siste leveåra var biskop. Som statsråd fekk han i 1892 autorisert Blix-salmane til kyrkjebruk.
William Booth
Øystein Bjørdal
Øystein Bjørdal er prest og prestelærar og har arbeidd mykje med kyrkjemusikk og liturgiske spørsmål. Frå 2002 til 2013 var han domprost i Molde.
Øystein Hovden
Øystein Hovden
Øystein Orre Hovden, norsk prest. Han stilte Vang kyrkje til disposisjon for ordinasjonen av den første kvinnelege presten i Noreg, i 1961.
Åsmund Farestveit
Åsmund Farestveit, teolog, sokneprest og romanforfattar frå Voss med lidenskap for nynorsken. Kombinasjonen av kristentru og livet på Vestlandet utgjorde grunnlaget for forfattarskapen.