Hopp til innhold
X
Innhald

Adolf von Harnack

Adolf von Harnack, 1851–1930, var tysk teolog og professor i Berlin i perioden 1888–1921. Han var ein framståande kyrkje- og dogmehistorikar og representant for den liberale teologien. Grunnleggjande er hovudverket hans, Lehrbuch der Dogmengeschichte, som kom i tre band i åra 1886–89.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012