Anders Aschim er prest, professor, bibelomsetjar og faglitterær forfattar. Hovudverket hans til no er ein detaljert og velskriven biografi om professoren, politikaren og salmediktaren Elias Blix.

Aschim er fødd i Tromsø 8. august 1958. Han voks opp der og på Hamar. I tillegg til teologisk embetseksamen har han mellomfag i hebraisk og musikk. Han har vore prest mellom anna i Ringebu og Enebakk. Aschim har hatt forskings- og undervisningsstillingar ved Menighetsfakultetet i Oslo og arbeidde for Bibelselskapet med den nyaste omsetjinga av Det gamle testamentet (Bibel 2011) både til bokmål og nynorsk.

Aschims faglege hovudinteresse var tidleg tekstfunna frå Qumran ved Daudehavet, og han har vore med på mange publikasjonar om desse tekstane. I samband med Blix-biografien har han arbeidd mykje med stoff om den tidlege målrørsla og ikkje minst om nettverket av nordnorske «nynorskingar» i hovudstaden.

På grunnlag av biografien om Elias Blix med eit Uavslutta vitskapleg etterskrift disputerte Aschim i 2010 for dr. philos.-graden i historie ved Universitetet i Tromsø. Frå nyttår 2013 var han professor i Idé- og kristendomshistorie ved Høgskulen i Volda, og frå hausten 2016 er han professor i Religion, livssyn og etikk ved Høgskolen i Innlandet. Ved sida av dei historiske emna har Aschim som professor også vendt forskingsinteressa mot samtida, og han har særleg engasjert seg i studiar omkring religion og migrasjon.

Viktige utgivingar er Hemmeligheten i hulen. En fortelling om Dødehavsrullene (1999), Ein betre vår ein gong. Elias Blix (2008), Bibelen 3.0. Bak Bibel 2011 (2013) og (red. saman med O. Hovdelien og H.K. Sødal) Kristne migranter i Norden (2016).

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg