Hopp til innhold
X
Innhald

Ansgar

Ansgar, ca. 801–865, var frankar frå Picardie, helgen og vart kalla "Nordens apostel". Han var munk frå benediktinarklosteret Corbie, vart prest hos den danske kongen og misjonær i Danmark i 826.
 
Ansgar grunnla ein kyrkjelyd på øya Birka i Mälaren, Sverige, ca. 830 og gjorde ein tidleg og stor innsats for kristninga av Danmark og Sverige, men med berre førebelse resultat. I 831 vart Ansgar den første erkebiskopen i Hamburg. Frå 849 var han erkebiskop i Hamburg-Bremen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012