Hopp til innhold
X
Innhald

Augustin

Augustin, Augustinus Aurelius, 354–430, var den største kyrkjelæraren i oldtida, fødd i Numidia i Nord-Afrika. Han vart gripen av manikeismen i fleire år før han braut med han og vart påverka av Ambrosius i Milano, der han vart omvend og døypt i 387.
 
Augustin var biskop i Hippo i Nord-Afrika i 395. Teologien hans, som smeltar saman med bibelsk og nyplatonsk tankegods, fekk enormt mykje å seie for utviklinga av den kristne læra. Særleg viktig vart læra hans om arvesynda, om Guds nåde og om predestinasjon; menneskelagnaden.
 
I det teologiske hovudverket Om Gudsstaten, originaltittel: De Cicitate Dei, i 22 bøker, prøver han å forstå historia som ein kamp mellom Gud og djevelen, men utan å identifisere Guds stat med kyrkja, slik ein meinte det i mellomalderen. Boka hans Bekjennelser, originaltittel: Confessiones, vert rekna for å vere den først sjølvbiografien i historia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012