Hopp til innhold
Foto: M. Mazur/ www.thepapalvisit.org.uk, Flickr.com CC BY-NC-SA
Foto: M. Mazur/ www.thepapalvisit.org.uk, Flickr.com CC BY-NC-SA
X
Innhald

Benedikt 16.

Benedikt 16., tysk katolsk teolog og pave emeritus, var pave frå april 2005 til han gjekk av frå embetet 28. februar 2013. Det har ikkje skjedd sidan 1294 at ein pave abdiserer.

Benedikt 16., det eigentlege namnet er Joseph Alois Ratzinger, er fødd 16. april 1927 i Marktl am Inn i Bayern, Tyskland. Han studerte filosofi og teologi i Freising og München i 1946–51 og vart ordinert til prest i 1951. Etter vidare studium i Roma tok han i 1953 den teologiske doktorgraden på ei avhandling om Augustins lære om kyrkja. I 1958 vart han utnemnd til professor i dogmatikk i Freising. Han var professor i Bonn 1959–63, i Münster 1963–66, i Tübingen 1966–69 og i Regensburg 1969–77. I 1977 vart han utnemnd til erkebiskop av München og Freising og til kardinal, det vil seie øvste embetsmann i den romersk-katolske kyrkja nest etter paven. I 2005 vart han vald til pave, og han abdiserte frå embetet i 2013.
Under Det andre vatikankonsilet (1962–65) var Ratzinger teologisk rådgivar for den tyske kardinalen Joseph Frings. I 1981 vart han kalla til Roma som leiar (prefekt) for Kongregasjonen for truslæra, ei av dei mest sentrale stillingane i Den romersk-katolske kyrkja. I 2002 vart han vald som leiar (dekanus) av kardinalkollegiet. Han hadde eit nært tilhøve til dåverande pave Johannes Paul 2., og omsynet til kontinuitet var truleg utslagsgivande for at Ratzinger vart vald til pave 19. april 2005.
Han er ein av dei mest sentrale katolske teologane og har ein omfattande skriftleg produksjon. Også som pave har han vore ein produktiv forfattar. Fleire av bøkene hans er omsette til norsk, mellom anna Jesus fra Nasaret, eit verk i to band, fullført i 2011.
Benedikt 16. er teologisk konservativ. Som pave har han lagt vekt på tradisjonelle, konservative katolske verdiar. Han forsvarer sølibatet for prestar og avviser kvinnelege prestar. Alle skandalane om seksuelle overgrep innanfor presteskapet har vore vanskelege å takle. I fleire spørsmål har han stått for kontroversielle standpunkt i samtida. Han støttar forbod mot prevensjon og abort. Sjølv ikkje valdtekt legitimerer å ta abort. Han avviser samkjønna ekteskap og ser homofile handlingar som synd.
Grunngivinga for at Benedikt 16. valde å gå av, var veik helse. Han vil framleis bere pavenamnet, og den offisielle tittelen er «pave emeritus».
Kjelder
John L. Allen: Pope Benedict XVI. A Biography of Joseph Ratzinger. New York 2005
«Benedikt 16», snl.no: http://snl.no/Benedikt_16 [lesedato 28.2.2013]
P.E. Odden: «Benedikt XVI – pave nr 265», katolsk.no: http://www.katolsk.no/biografier/utenriks/ratzinger [lesedato 1.3.2013]
«Benedictus XVI, Joseph Ratzinger», vatican.va: http://www.vatican.va/holy_father/benedict_xvi/index.htm [lesedato 1.3.2013]
Øyvind Norderval: «Exit Benedikt XVI», nrk.no: http://www.nrk.no/ytring/exit-benedikt-xvi-1.10930535 [lesedato 1.3.2013]
Ola Tjørhom: «Benedikt XVI – et feilslått pontifikat», Stavanger Aftenblad 28.2.2013: http://www.aftenbladet.no/meninger/Benedikt-XVI--et-feilslatt-pontifikat-3130995.html [lesedato 1.3.2013]
Peikarar

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 07.08.2015