Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Eidsvåg

Bjørn Eidsvåg er musikar, teolog, forfattar og komponist. Eidsvåg har vorte ein folkekjær artist ved å stille ærlege, folkelege og til dels vanskelege spørsmål, om tru, håp og tvil.

Bjørn Eidsvåg er fødd 17. mars 1954 i Sauda i Rogaland, der han også voks opp. Han tok examen artium ved Sauda gymnas i 1973 og flytta deretter til Oslo for å studere teologi ved Menighetsfakultetet. Han vart utdanna prest i 1980. Eidsvåg arbeidde som sjukehusprest og familieterapeut ved Lier psykiatriske sykehus utanfor Drammen frå 1981 til 1988.
Debutplata, Inn for landing, kom i 1976. Musikkforma og tekstane til Eidsvåg strid mot forventningane til den tradisjonelle kyrkjelege musikken, og han fekk raskt tilnamnet «rockepresten». Tekstane hans er prega av sterke bodskapar, ærlege og modige spørsmål om tvil og tru og kritikk av både kristelege og ikkje-kristelege miljø. Musikken har viseform, men Eidsvåg kombinerer viseforma med element frå til dømes rock, pop, gospel og jazz.
Gjennombrotet kom med den femte plata, Passe gal (1983), som også vart nominert til Spelemannprisen. Songen «Eg ser», ein av dei viktigaste songane til Eidsvåg, var med på denne plata. Sidan 1980 har Eidsvåg turnert jamt, med om lag 80 konsertar årleg dei siste tjue åra. I 2006 vart songane til Eidsvåg presenterte for eit teaterpublikum, då Rogaland Teater sette opp framsyninga Skyfri himmel, med manus av Olaug Nilssen.
Han har i alt fått fire spelemannprisar, mellom anna Årets spelemann i 1997, og Spelemannprisens heiderspris i 2006. I 2006 fekk han òg Norsk Artistforbunds Ærespris.
From og radikal
Då Eidsvåg flytta frå Sauda, forlét han eit smalt og strengt bedehusmiljø, men heldt fast ved trua, sjølv om han skulle kome til å stille mange spørsmål om både trua og kyrkja. I løpet av studietida var Eidsvåg del av eit marginalt og politisk radikalt miljø på Menighetsfakultetet. Dei laga musikk og var opptekne av politikk, og dei diskuterte omgrep som sosialisme og revolusjon. Den radikale ungdomstida skin igjennom på platene, som gjennomgåande er prega av at Eidsvåg tør å stille dei vanskelege spørsmåla, anten det er om religion, skam, skuld, tilgiving, tvil eller hovmod. Ein gjennomgåande tanke i tematikken er Eidsvågs forståing av at «ingenmannsland», altså mennesket sitt møte med avmakt og mangel på håp, eigentleg er «allemannsland». Denne avmakta møter vi alle saman, gjennom ransakande spørsmål til oss sjølve, til kvarandre, om menneske generelt og om samfunnet.
Allemannseige
Eidsvåg slo igjennom som folkeartist og vart allemannseige i 1993 med plata Allemannsland, som på kort tid vart seld i over 60 000 eksemplar. Den neste plata, Landet lenger bak, kom i 1995 og vart seld i 100 000 eksemplar i løpet av hausten 1996. Etter denne plata er nesten alle platene selde i over 100 000 eksemplar. Tålt, som kom i 2002, er seld i langt over 200 000 eksemplar.
Musikken til Eidsvåg er vorten heidra på ulike måtar, og han har fått mange av dei gjævaste prisane ein artist kan få i Noreg, men den største æra er kanskje den måten det norske folket bruker musikken hans på i viktige fasar av livet. «Eg ser» er tolka av mange artistar og vert mykje brukt i personlege markeringar som gravferder og minnestunder. Som sjukehusprest i Lier arbeidde han mellom anna med psykiatriske pasientar, og omgrepet «å sjå» er særleg knytt til sjelesørgjararbeidet hans på denne tida.
Nordisk samarbeid
Eidsvåg har samarbeidd med ei lang rekkje av dei viktigaste norske artistane dei siste 30 åra, men han har òg engasjert seg utanlands, særleg i samarbeid med svenske og danske musikarar. I 2003 vart Tålt (2002) utgitt i Danmark, og Eidsvåg vart for alvor omfamna av det danske folket. Suksessen vart følgd opp med ei plate spesielt for det danske publikummet, Skyfri himmel, i 2004. Skyfri himmel fekk draghjelp av danske gjesteartistar, og sidan 2004 har Eidsvåg turnert fleire gonger i Danmark.
Engasjert
Eidsvåg sitt utanlandsengasjement har ikkje berre handla om å vinne ein marknad for musikken. Han har òg brukt musikken i samarbeid med NORAD om prosjektet «OBENDA», leidd fjernsynsprogram for Kirkens Nødhjelp frå fangeøya Robben Island i Sør-Afrika og engasjert seg ved å setje søkjelys på overgrep mot mayaindianarane.
Eidsvåg er aktiv i musikkmiljøet og musikkbransjen og var vore med i styret for Norsk Forening for Komponister og Tekstforfattere (NOPA), Gramo og TONO, og Norsk Artistforbund.
Kjelder
Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen: Norsk pop- og rockleksikon. Oslo 2005
Randi Berge Svendsen: Bjørn – en biografi. Nesøya 2007
Jon Vidar Bergan: «Bjørn Eidsvåg», snl.no, sist oppdatert 19.10.2009, http://www.snl.no/Bj%C3%B8rn_Eidsv%C3%A5g [lesedato 01.06.2010]
Biografi over medverkande i oppsettinga Skyfri himmel, rogaland-teater.no,
Quint AS, konsert-, musikk-, og lydproduksjonsfirma som formidlar Bjørn Eidsvåg, http://www.quint.no/ [lesedato 01.06.2010]
Peikarar

Først publisert: 01.06.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013