Hopp til innhold
X
Innhald

Brage Høyem

Brage Høyem var lærar og prest fleire stader i Noreg. Han var oppteken av utdanning og norskdomsarbeid, og han gjorde ein stor innsats for opprettinga av landsgymnaset i Orkdal.

Brage Høyem var fødd i Trondheim 26. september 1874 og døydde på Lillehammer 11. oktober 1960. Som son av landsmålspioneren Olav J. Høyem vart han tidleg ført inn i målsaka. I prestetenesta veksla han mellom bokmål og nynorsk.
Etter teologisk embetseksamen i 1898 underviste Høyem eit halvår ved Det norske diakonhjem, samstundes som han tok praktikum. I tre år frå sommaren 1899 var han lærar ved privatseminaret og mellomskulen i Volda. I studietida tok Høyem eksamen også i samisk, og frå 1902 var han sokneprest i Kautokeino, frå 1907 i Ørsta, frå 1915 på Tingvoll, frå 1922 i Orkdal og frå 1933 på Lillehammer, til han gjekk av med pensjon sommaren 1946. Av og til brukte han nynorsk i tenesta.
I tillegg til prestegjerninga var Høyem lærar ved folkehøgskulane både i Ørsta, Tingvoll og Orkdal. På den siste staden var han også styreformann og religionslærar ved landsgymnaset, som han var med og fekk i gang frå hausten 1923.

Først publisert: 15.10.2010
Sist oppdatert: 25.04.2013