Hopp til innhold
X
Innhald

Carl Fredrik Wisløff

Carl Fredrik Wisløff, 1908–2004, var teolog, brorson av Johan Martin Wisløff, rektor ved Det praktisk-teologiske seminar frå 1947 og professor i kyrkjehistorie same staden i åra 1961–75. Som ein framståande og svært konservativ representant for den lågkyrkjelege lekmannsrøsla, markerte Wisløff seg som motstandar av Kirkenes verdensråd, kvinnelege prestar og alle former for liberal teologi.
 
Wisløff gav mellom anna ut Jeg vet hvem jeg tror på i 1946, Nattverd og messe i 1958, doktoravhandling og to band i Norsk kirkehistorie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012