Hopp til innhold
X
Innhald

Eivind Josef Berggrav

Eivind Josef Berggrav, 1884–1959, fødd i Stavanger, var publisist og biskop, dr. theol. i 1925. Han var biskop i Hålogaland i 1928 og i Oslo i perioden 1937–50. I okkupasjonsåra leidde han kampen kyrkja hadde mot nazismen og vart internert i perioden 1942–45.
 
I åra etter krigen spela Berggrav ei sentral rolle i Kirkenes Verdensråd. Han hadde ei rekkje nasjonale og internasjonale tillitsverv, var æresdoktor ved ni utanlandske universitet og fekk den tyske Goethe-prisen i 1953. Berggrav var redaktør i Kirke og Kultur frå 1909 til han døydde, unnateke perioden 1922–24. Han gav ut ei lang rekkje bøker.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012