Hopp til innhold
X
Innhald

Frans av Assisi

Frans av Assisi eller Francesco d'Assisi, 1182–1226, var ein italiensk predikant og helgen som stifta Fransiskanarordenen. Han forkynte Jesu etterfølging og skjerpa inn absolutt fattigdom, sjølvfornekting og eit liv i teneste for nestekjærleiken.
Frans av Assisi var forfattar av den vidgjetne "Solsongen", det første store diktet på italiensk. Han vart kanonisert i 1228 som Den heilage Franciscus, og har festdag 4. oktober.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012