Hopp til innhold
X
Innhald

Friedrich Ernst Daniel Schleiermacher

Friedrich Ernst Daniel Schleiermacher, 1768–1834, var tysk teolog, religionsfilosof og professor i Berlin frå 1809. I Reden über die Religion i 1799 stiller han seg på romantikkens side mot rasjonalismen og forsvarer religionen som ei sjølvstendig makt i sjelelivet til mennesket. Seinare knytte han religionen til ei "absolutt bindingskjensle" hos menneske.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012