Hopp til innhold
X
Innhald

Gunvor Lande

Gunvor Maria Traa Lande, prest.

Lande er fødd i Ål 17. mars 1937. Ho er cand.theol. frå Menighetsfakultetet i Oslo 1965 og blei ordinert til prest i 1987. Ho var misjonær og universitetslektor i Japan 1965–80, arbeidde seinare mellom anna ved Institutt for kristen oppseding og i Mellomkyrkjeleg råd og har sidan 1993 arbeidd ved Høgskolen i Agder. I 2002 tok ho den teologiske doktorgraden med avhandlinga Visjonen om likeverdet.
 
Lande leidde Rådgivande komité for kvinnespørsmål i Det lutherske Verdsforbundet 1985–92. Ho har hatt mange tillitsverv i målrørsla og har mellom anna gitt ut Skapande bibelarbeid (1986).
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 29.04.2013