Hopp til innhold
X
Innhald

Gustav Adolph Lammers

Gustav Adolph Lammers, 1802–78, var prest, vekkingsforkynnar og sokneprest i Skien frå 1848. Han stifta den første indremisjonsforeininga i landet i 1853. I 1856 la Lammers ned embetet sitt og oppretta ein frikyrkjelyd. Då rørsla byrja med å døypast om att, gjekk han i 1859 attende til statskyrkja og forsvarte barnedåpspraksisen der.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 25.02.2013