Hopp til innhold
X
Innhald

Hadrian

Hadrian er namnet på seks pavar. Hadrian den 4., 1154–59, eigentleg Nicolaus Breakspear, er den einaste paven som er fødd i England. Som paveleg legat i Norden i perioden 1152–54 sette han i verk eit kyrkjeleg reformprogram og oppretta truleg erkebispestolen i Nidaros.
 
Hadrian den 6., 1522–23, eigentleg Adriaan Boeyens, var nederlendar og den siste ikkje-italienske paven før Johannes Paul den 2.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012