Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Johan Sagrusten

Hans Johan Sagrusten er teolog, bibelomsetjar og forfattar. Gjennom lyrikk så vel som i spennande historisk fagformidling har han nådd mange lesarar.

Hans Johan Sagrusten er fødd 9. juni 1970 i Vågå. Han tok examen artium ved Kvitsund Gymnas i 1989 og teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i 1996. Han har arbeidd som prest, bibelomsetjar og rektor ved Kvitsund Gymnas. Frå 2013 er han tilsett som bibelbrukskonsulent i Det norske bibelselskap.

Sidan debuten i 1998 har Sagrusten i gjennomsnitt gitt ut ei bok annakvart år. Forfattarskapen spenner frå ei humoristisk teikneseriebok om livet i norske kyrkjelydar via eigne og omsette dikt til fleire fagbøker. Til den siste kategorien høyrer ei lærebok for vidaregåande skular, spenningsfylt sakprosa om gamle bibelmanuskript, norsk bokhistorie frå mellomalderen og ei essaysamling om Jesus-forteljingane i evangelia.

Eit par av sakprosabøkene er på bokmål, men nesten alle dikta er på nynorsk. Gjendiktingane av den walisiske poeten R.S. Thomas (Ein stad mellom tru og tvil, 2013) og Sagrusten sine eigne lyrikkbøker (Dua over Jordan, 2000, Haustsong, 2003 og Evangeliesonettar, 2012) er alle innkjøpte av Norsk kulturråd. Det same gjeld bøkene om teksthistoria til Bibelen. Gunnar Melbø og Gaute Øvereng er mellom dei som har laga melodiar til ein del av dikta.

Sagrustens sakprosa merkjer seg ut med vellukka popularisering av ganske innfløkt historisk stoff. Det gjeld både puslespelet av større og mindre handskrift-bitar til dei bibelske tekstane og mysteria kring det særs vakre manuskriptet Aslak Bolts bibel. Forfattaren kombinerer faktabasert fagstoff med oppdikta forteljingar for å syne korleis historiene kunne ha gått føre seg – både kring Middelhavet i antikken og i norsk mellomalder.

Det store puslespillet (2014) fortel om pergament- og papyrushandskrifter til Bibelen. Sagrusten skriv om når, kvar og korleis dei truleg kom til, korleis dei vart verna og skadde, gøymde, attfunne og studerte. Det eldste tekstfunnet til Det nye testamentet er ein bit av Johannes-evangeliet frå første halvdel av 100-talet. Oppfølgjaren Det store puslespelet II (2016) følgjer spora endå lenger attover og leitar etter brikker som enno ikkje er kjende, men som kan gi utvida kunnskap om kristne tekstar allereie i det første hundreåret.

Den skjulte skatten (2017) fortel den spennande historia om ei svært gamal og vakker bok. Det er ein latinsk bibel frå 1200-talet, med sirleg handskrift og mange fargesterke og figurrike innleiings-bokstavar. Manuskriptet har fått namn etter erkebiskop Aslak Bolt, som eigde handskriftet på 1400-talet. I ei litterær form som kan minne om Dan Brown, tek Sagrusten lesaren med på jakt etter svar om opphav, bruk, gøyming, gløyming og attfinning av den særeigne boka.

I perioden 2000–05 var Sagrusten sentral i arbeidet med omsetjinga som vart til «Bibel 2011». Han var ein av fire primæromsetjarar for Det nye testamentet, og han tok også del i omsetjinga av poetiske tekstar frå Det gamle testamentet. Arbeidet vart gjort parallelt til både bokmål og nynorsk, og omsetjinga har fått ros for å kombinere moderne norsk språkbruk med poesien og biletrikdomen i dei bibelske grunntekstane.

Kjelder

E‑post frå H.J. Sagrusten 13.4.2018

Peikarar

Bibliografi i Oria

Korte undervisningsvideoar (ligg også på YouTube)

Først publisert: 11.12.2018
Sist oppdatert: 11.12.2018