Hopp til innhold
Xylografitrykk av Hans Nielsen Hauge, frå Illustrert Familieblad nr. 13/1888. Kjelde: Norsk Folkemuseum, digitaltmuseum.no. Brukt med løyve.
Xylografitrykk av Hans Nielsen Hauge, frå Illustrert Familieblad nr. 13/1888. Kjelde: Norsk Folkemuseum, digitaltmuseum.no. Brukt med løyve.
X
Innhald

Hans Nielsen Hauge

Hans Nielsen Hauge, vekkingsleiar og lekforkynnar, skapte den første norske religiøse vekkingsrørsla og blei med det ein av grunnleggjarane av den lekmannskristendomen som har prega kristne miljø i Noreg like til i dag.

Hans Nielsen Hauge var fødd i Rolvsøy i Tune (Østfold) 3. april 1771 og døydde i Aker (no Oslo) 29. mars 1824. Han voks opp i ein kristen bondeheim. Etter eit religiøst gjennombrot våren 1796 kjende han seg kalla av Gud til å forkynne. I perioden 1796–1804 reiste han over det meste av landet og var heilt nord til Tromsø. Han var òg fleire turar til Danmark.
Etter få år stod Hauge i brodden for eit landsomfattande nettverk som var knytt saman gjennom personleg kontakt, brevveksling og ein sams religiøs kultur. Hauge skreiv ei rekkje religiøse bøker, som fekk stor utbreiing. I alt skreiv han 33 bøker og skrifter. Hauge-rørsla var òg eit slags forretningsnettverk. I 1800 tok Hauge ut borgarbrev i Bergen, og han sette i gang økonomisk verksemd på mange område, frå papirfabrikkar til bankverksemd.
Hauge kom tidleg i konflikt med prestar og andre embetsmenn, fordi forkynnarverksemda hans var i strid med konventikkelplakaten av 1741, som sette forbod mot religiøse møte utanfor prestane sin kontroll. Også den økonomiske verksemda hans blei oppfatta som eit trugsmål av styresmaktene. Frå hausten 1804 til våren 1811 sat han i varetekt. I 1813 blei han dømd til to års festningsarbeid. Året etter blei domen gjord om til ei bot. Etter fengselsopphaldet slo han seg ned som gardbrukar utanfor Kristiania. Han heldt framleis kontakt med venene sine ut over landet, men reiste ikkje lenger rundt som forkynnar.
Forkynnar og forfattar
Religiøst sett bygde Hauge på arven frå pietismen i første delen av 1700-talet. I forkynninga og i skriftene sine framheva han omvending for den einskilde og det personlege trusforholdet. Han la særleg vekt på at kristentrua måtte syne seg i livsførselen til menneska. Gjerningane var kjenneteikn på trua.
Ei viktig side ved livsverket til Hauge var verksemda som forfattar og bokutgivar. Berre veker etter gjennombrotet våren 1796 gav han ut det første skriftet sitt, Betragtning over Verdens Daarlighed, som han gjekk til Kristiania for å få prenta. På tittelbladet presenterte han seg audmjukt som «en lidet forsøgt og mindre skriftlærd Dreng Hans Nielsen Houge på Rolfsøen i Thunøe Sogn». Skriftet inneheld mellom anna ein kort sjølvbiografi over livsløpet hans inntil det religiøse gjennombrotet 5. april 1796. I dei første bøkene var han oppteken av dei dårlege kåra for den sanne gudstrua. Han kritiserte verdslege prestar og menneske med «død tru». Han gav òg ut preikesamlingar og ei salmebok. Bøkene kom i fleire og større opplag, og Hauge måtte til København for å finne store nok trykkjeri som kunne ta på seg trykkjeoppgåva. Det er rekna ut at bøkene og skriftene hans nådde eit opplag på om lag to hundre tusen eksemplar fram til 1805. Det gjorde han til den mest lesne forfattaren i Noreg på den tida. Etter fengselsopphaldet kom det fleire bøker. Frå denne tida stammar den kanskje mest vellukka boka hans, Beskrivelse over Hans Nielsen Hauges Reiser (1816), som er ei viktig kjelde til livsverket hans. I den religionspsykologiske boka Om religiøse Følelser og deres Værd (1817) skildrar han si eiga religiøse oppleving i 1796.
Forretningsdrifta
Forfattarskapen og bokproduksjonen var ein viktig overgang til forretningsdrifta. Etter 1800 spreidde han verksemda til nye bransjar: papirfabrikk, tekstilbedrifter, møller, teglverk, gruvedrift, saltkokeri, handverks- og handelsbedrifter, verkstader og fiskebruk. Han fekk tilhengjarar til å investere og setje i verk nye tiltak. Slik blei det religiøse nettverket òg eit økonomisk nettverk. Hauge synte seg som ein framifrå entreprenør. Den religiøse tenkinga hans støtta opp under den økonomiske verksemda. Gud hadde sett menneska i verda for at dei skulle arbeide og vere verksame. I dette låg dei ei tydeleg kallstenking: Menneska skulle vere gode forvaltarar av dei goda som verda gir.
Kvinnesyn
Heilt frå starten var det kvinnelege forkynnarar med i Hauge-vekkinga. Hauge la vekt på dei religiøse føresetnadene, ikkje på kjønn, når det galdt spørsmålet om kven som kunne forkynne. I fleire av skriftene sine gav han eintydig støtte til kvinnelege forkynnarar. Han peika òg ut kvinner til å vere blant leiarane i rørsla. Hauge stod heller ikkje for ei tradisjonell bibeltolking i dette spørsmålet. Han meinte at apostelen Paulus ikkje meinte å utelate kvinner frå forkynninga, men at han åtvara mot lettsindig eller unyttig prat.
Hauge avviste òg at det fanst særskilt manns- eller kvinnearbeid. Han fekk stor merksemd når han gjekk og strikka på dei mange ferdene sine. Han meinte at mennene burde lære seg å sy kleda sine sjølve. Hauge gav òg arbeid til kvinner i føretaka sine.
Rettssak og dom
Hauge var stadig i konflikt med styresmaktene og blei fleire gonger fengsla for kortare tid. Frå slutten av oktober 1804 sat han i varetekt under harde vilkår. Først i 1809 blei tiltalen utforma. Han blei skulda for brot mot konventikkelplakaten, kritikk av prestar og embetsmenn og for å føre ungdomen vill. Mest alvorleg var likevel tiltalepunktet om at han var i ferd med å byggje opp eit organisatorisk fellesskap som kunne utfordre den statlege organisasjon, ein «stat i staten». Han blei òg skulda for å ha disponert ei «heilag kasse» av pengane til venene, som han hadde gjort seg rik på.
Hauge slapp ut av fengselet i 1811. Domen i saka mot han fall først i desember 1813 og lydde på festningsarbeid i to år. Men retten avviste tiltalepunktet om at han var i ferd med å byggje opp eit borgarsamfunn i staten. Det blei ikkje prova at han hadde disponert venene sine pengemidlar eller svindla folk. Hauge anka til overkriminalretten, og ny dom fall før jul i 1814. Då blei straffa sett til ei bot på til saman 2000 riksbankdalar i sølv – ein rimeleg høg sum ut frå pengeverdien den gongen. Alt i februar 1815 var bota gjord opp. I 1820 blei Hauge tilkjend erstatning frå staten på 2614 spesidalar, på grunn av inntektstap og tap av formue.
Dei siste åra
Då Hauge slapp ut av fengselet, slo han seg ned på garden Bakke utanfor Kristiania. I 1817 kjøpte han garden Bredtvedt. Her budde han til han døydde i 1824. Etter fengselsopphaldet møtte han ei langt meir forsonleg halding frå eliten i det norske samfunnet. Fengselsopphaldet hadde fare hardt med helsa hans. Han heldt framleis kontakt med dei haugianske venene gjennom brevveksling, men reiste ikkje lenger ikring.
På slutten av livet skreiv han eit testament til venene sine der han oppmoda dei om å slutte opp om kyrkja. Dette har vore tolka som ein resignasjon samanlikna med den sterkt kritiske haldninga han tidlegare stod for. Snarare hadde Hauge endra strategi. Hauge og Hauge-rørsla opplevde ei stor sosial oppdrift. I denne situasjonen meinte han at den beste måten ville vere å tilpasse seg kyrkja for å sikre rørsla innverknad og halde henne samla. Haugianismen fekk mykje å seie i den norske kyrkja, og gjennom den organiserte lekmannsrørsla har innverknaden vore omfattande heilt opp til våre dagar.
Hauge-rørsla er blitt ståande som ei av dei viktigaste religiøse og politiske rørslene i nyare norsk historie. Men denne rørsla var ikkje den første. I 1780-åra hadde bondeføraren Kristian Lofthus frå Agder mobilisert tilhengjarar i ein økonomisk og politisk kamp med brodd mot den økonomiske eliten og embetsmennene. I motsetnad til Lofthus-reisinga var ikkje haugianismen lokalt avgrensa, men nådde det meste av landet. Ho førte til viktige endringar i bøndene si politiske rolle i Noreg. Sentrale haugianarane blei valde inn på Stortinget etter 1814, der dei blei ein viktig del av bondeopposisjonen. Halvdan Koht har karakterisert Hauge-rørsla som «den faste kjernen i den politiske bondereisinga». På lengre sikt innebar dette ei frigjering av bondestanden i høve til elitegruppene i det norske samfunnet, i første rekkje embetsstanden.
Skriftutgåver av Hauge sine tekstar
Hans Nielsen Hauges skrifter, samla utgåve ved Hans N.H. Ording. Oslo 1947–54
Brev frå Hans Nielsen Hauge, ved Ingolf Kvamen. Oslo 1971–76
Kjelder
A.Chr. Bang: Hans Nielsen Hauge og hans Samtid. Kristiania 1874
Dagfinn Breistein: Hans Nielsen Hauge. «Kjøbmand i Bergen». Bergen 1955
Arne Bugge Amundsen: «'En lidet forsøgt og mindre skriftlærd dreng' – Hans Nielsen Hauge», i Svein Aage Christoffersen og Trygve Wyller (red.): Arv og utfordring. Menneske og samfunn i den kristne moraltradisjon. Oslo 1995
Svein Aage Christoffersen (red.): Hans Nielsen Hauge og det moderne Norge. Oslo 1996
Berge Furre: «Hans Nielsen Hauge – stats- og samfunnsfiende», i Svein Aage Christoffersen (red.): Moralsk og moderne? Trekk av den kristen moraltradisjon i Noreg fra 1814 til i dag. Oslo 1999
Halvdan Koht: «Hans Nielsen Hauge», Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 1931
Halvdan Koht: Norsk bondereising. Oslo 1926
Dag Kullerud: Hans Nielsen Hauge. Mannen som vekket Norge. Oslo 1996
Einar Molland: Norges kirkehistorie i det 19. århundre, bd. 1. Oslo 1979
Øyvind Norderval: «'Ikke som hiine elendige Tullemutter eller Sammenløb'. Om Hans Nielsen Hauges siste år: Resignasjon eller ny strategi?». Historisk Tidsskrift nr. 4/1999
Sigbjørn Ravnåsen: Ånd og hånd. Hans Nielsen Hauges etikk for ledelse og næringsliv. Oslo 2002
Andreas Aarflot: Tro og lydighet. Hans Nielsen Hauges kristendomsforståelse. Oslo 1969
Andreas Aarflot: Hans Nielsen Hauge. Liv og budskap. Oslo 1971
Andreas Aarflot: «Hans Nielsen Hauge». Norsk biografisk leksikon, bd. 5. Oslo 2002

Først publisert: 23.09.2013
Sist oppdatert: 01.11.2013