Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Paludan Smith Schreuder

Hans Paludan Smith Schreuder, 1817–82, var misjonær og biskop. Han reiste til Sør-Afrika som misjonær for Det norske Misjonsselskap i 1843 og vart vigsla til biskop for "Den norske kirkes misjonsmark" i 1866. Då han i 1872 sa opp stillinga si i misjonsselskapet, vart det danna ein komité til støtte for "Den norske kirkes misjon ved Schreuder". Han gav mellom anna ut Grammatik for Zulu-Sproget i 1850.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012