Innhald
Helge Hognestad
Helge Hognestad, fødd i 1940, er dr.theol. I avhandlinga Forkynnelse som legitimering gjer han ein kunnskapssosiologisk analyse av forkynninga i kyrkja. Mot innstillinga frå biskopen vart han utnemnd til kallskapellan i Høvik i 1980. Eit spent tilhøve til kyrkja førte til at han først fekk studiepermisjon og så søkte avskjed i 1984. Hognestad vart løyst frå prestelovnaden i 1989, men søkte og fekk att retten til å vere prest i 2000. Han er vikarprest i Hamar bispedøme.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012