Hopp til innhold
X
Innhald

Ignatius Loyola

Ignatius Loyola frå spansk Iñigo López de Loyola, ca. 1491–1556, var baskisk adelsmann, stiftar av og første general i jesuittordenen i 1540. Han vart hardt såra i 1521 og bestemte seg for å gjere ei pilegrimsreise til Palestina. Loyola fekk det religiøse gjennombrotet sitt i fransiskanarklosteret i Manresa i 1522. Han var lenge i søkjelyset til inkvisisjonen, men i 1540 godkjende paven jesuittordenen som la avgjerande vekt på lojalitet mot kyrkja og paven, og snart vart den viktigaste krafta i motreformasjonen. Loyola vart kanonisert i 1622.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012