Hopp til innhold
X
Innhald

Jacob Jervell

Jacob Stephan Jervell, fødd 21. mai 1925 og død 2. mars 2014, var teolog og forfattar. Han var  professor ved Universitetet i Oslo i åra 1960–89 og ved Universitetet i Tromsø i ein treårsperiode frå 1997. Han var internasjonalt vidgjeten som ein framståande kjennar av urkristendomshistoria.
Jervell var æresdoktor ved Universitetet i Stavanger og Århus Universitet. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og ridder av 1.klasse av St. Olavs Orden.
Jacob Stephan Jervell har mellom anna gitt ut Historiens Jesus i 1978, Da fremtiden begynte i 1976 og preikesamlingane Ikke bare ruiner i 1967 og ...bare all makt i 1975.
Kjelder
Erling Rimehaug: «Jacob Jervell er død», vl.no, publisert 2.3.2014: http://www.vl.no/troogkirke/jacob-jervell-er-dod/ [lesedato 3.3.2014]

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 03.03.2014