Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Hus

Jan Hus (Huss), ca. 1370–1415, var ein tsjekkisk reformteolog, forfattar og predikant i Praha. Han var påverka av Wycliffe. Hus kritiserte den verdslege makta til kyrkja og gjekk til åtak på det moralske forfallet hos prestane og folket. I 1412 gjekk han til åtak på avlatshandelen og vart lyst i bann. Hus fekk fritt leide for å leggje fram saka si for konsilet i Konstanz, men vart likevel fengsla og brend.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012